Rik på tillit

Publisert av: cato.ellingsen Publisert: 21. mai 2023
Oppdatert: 21. mai 2023
Lesetid: ca. 4 min
Guro Gravem Johansen

Et innlegg av Guro Gravem Johansen, Søndre Nordstrand SV

Det er ein ting eg hugsar spesielt godt frå den første dagen Lwanda var i Noreg som utvekslingsstudent. Rykket i kroppen hans. 

Lwanda kom til Oslo frå Cape Town i Sør-Afrika for ti år sidan for ta eit år på Norges Musikkhøgskole. Den første veka bodde han heime hos familien min, og eg følgde eg han rundt for at han skulle lære seg praktiske ting som kor han fekk kjøpt seg mat, få norsk mobilnummer, og ta T-banen. 

Og det var det med T-banen. «This is the subway station nearest school» sa eg medan eg geleida han ned i undergangen på Majorstua stasjon. Allereie i trappa fekk han eit rart drag i ansiktet. Når T-banen stoppa på perrongen gjekk eg mot døra, med Lwanda bak. I det han skjønte at eg totalt ubekymra hadde til hensikt å gå inn i vogna, rykka han til. «Is it safe?!» Eg skjønte først ikkje kva han meinte. Glipa mellom perrongen og døra var då ikkje så stor? Tydelege skilt med «Mind the gap» burde då trygge han? «Yeah, of course», sa eg, men Lwanda hadde stivna i heile kroppen. 

Vel om bord slappa han av og kunne han forklare at det å ta T-banen i Cape Town er ei uaktuell handling, med mindre du har våpen på deg. Sjansen for unngå ran, juling eller verre er mikroskopisk. 

Cape Town og andre sør-afrikanske storbyar er svært farlege stader å vere. Den personlege fridomen til å røre seg fritt omkring åleine er så godt som fråverande Sjølv om apartheid blei formelt oppheva lenge før Lwanda var i Oslo, er Sør-Afrika framleis eit av dei mest klassedelte landa i verda. Skilnadane i levekår mellom dei som veks opp i ein township der majoriteten har opplevd arbeidsløyse, alkoholisme, vald, hiv, valdtekt og graviditetar før fylte 20, og dei som veks opp i villaer bak tre meter høge piggtrådgjerde, er, frå eit nordisk perspektiv, ikkje til å fatte. 

Lwanda tilhøyrte folkegruppa Xhosa. Det at trompetspelet hadde kvalifisert han for musikkutdanning og fekk moglegheit til å dra på utveksling i Noreg, fortel at familien hans må ha vore relativt velståande etter sør-afrikansk målestokk, sidan dei kunne prioritere å kjøpe eit instrument og betale for årelang musikkopplæring. Og likevel gjekk han rundt med ein sånn internalisert frykt at synet av ein T-bane i Oslo sette fluktinstinktet hans i full beredskap. 

Cape Town er ikkje Oslo. Men kontrasten mellom den generelle frykten som hadde tatt bustad i Lwanda og den generelle tryggleiken eg tok for gjeve i gatene i Oslo, minte meg på noko om det å bo i Noreg. Tilliten. Utlendingar som besøker Noreg blir ofte fascinert over turisthyttesystemet vårt, at vi berre kan legge nøkkelen under dørmatta, der folk kjem og går, og legg igjen litt vaskemiddel til nestemann. Denne norske tilliten er ein mykje viktigare del av norsk identitet enn brunost og barne-TV. Vi smykker oss med den, vi er stolte av den. Men kor kjem den frå?

Det er kanskje lettare å forklare kor mistillit kjem frå. Viss du eig veldig mykje i ein kultur der mange, mange fleir har så godt som ingenting, så er du utsett. Då er det naudsynt å gjerde inn privilegia med  piggtråd. Og motsett, viss du ikkje eig nåla i pappveggen, og du ser at i same by er nokre få er fødd inn i rikdom du ikkje kan førestille deg, medan du går frå arbeidslause periode til neste arbeidslause periode, så bygg det seg opp ein frustrasjon. Ein ser andre i same situasjon også vere forbanna, dei begynner å koordinere det kollektive raseriet, tenner på bilar og brukar vald for å uttrykke seg. Dette har vi sett aukar i USA, Frankrike, Hellas, Tyskland. Og det har vore kvardagen i Cape Town og Johannesburg i mange, mange tiår. Ein felles årsak – sjølv om graden varierer – er stor og stadig større ulikskap mellom folk. Det er eit kausalt forhold mellom materielle skilnadar og sosial uro og mistillit. Dei rike utviklar mistillit fordi dei har sine privilegiar å beskytte mot den fattige bermen, og dei fattige og arbeidslause utvikler mistillit fordi dei blir holdt utanfor velstandsutviklinga.

Og denne utviklinga aukar. Ein OECD-rapport frå 2015 slår fast at dei rikaste 10 % av befolkninga i medlemslanda tjener i snitt 9,6 gongar meir enn den fattigaste tiandedelen, betrakteleg meir enn ved førre måling sju år før. Dei skandinaviske landa kjem mykje betre ut enn turbokapitalistiske land som USA og Storbritannia. Men idealet og forestillinga om den norske likskapen kan vi ikkje ta for gjeve. For  også i Noreg aukar skilnadane. Tall frå Statistisk Sentralbyrå viser at den 10 % rikaste delen av befolkninga i Noreg, eig meir enn halvparten av all nettoformue i Noreg. Sidan 2013 har den 1 % rikaste auka sin andel av nettoformuen frå 18 til 23 % (2019) (Faktisk.no). Dette har ulike årsakar, men mange av desse desse årsakane er moglege å påverke politisk, til dømes gjennom å reversere dei enorme skattekutta tidlegare Høgre-regjeringa innførte. Det som teller er å ha eit politisk fokus og tydelege og uredde verkemiddel for å fordele ressursane slik at vi opprettheld idealet om mest mogleg materiell likskap, og forhindrar fattigdommen i å breie om seg – og det er berre viljen det står på. Dette kjem også dei velståande til gode. Det seier OECD-rapporten tydeleg frå om. Når avstanden aukar mellom fattig og rik, tapar alle. Under mørkeblått styre har dei rikaste i Noreg blitt svært mykje rikare, mellom anna gjennom dei irrasjonelle skattelettene (som ikkje har ført til verdiskaping og arbeidsplassar, stikk i strid med den blåøgde ideologien til regjeringa, men heilt i tråd med fagøkonomar og SSB sine analyser), samstundes som det blir fleire fattige og arbeidsløysa aukar. Høgresida har ingen tiltak, anna enn meir skattelette til dei rikaste. For SV er eit materielt likestilt samfunn med god omfordeling av ressursar eit samfunn som bygg eit bolverk mot kollektiv sosial aggresjon. Det er samfunn som er godt for alle, fordi det fostrar tryggleik og tillit mellom folk. 

Lwanda lærte seg fort å bli trygg på å ta t-banen. Det er merkeleg korleis tillit avlar tillit. Viss alle får vere med på køyreturen. Mind the gap.